Monday, June 19, 2006

Fest i Dingja

Det er ganske langt mellom folka i Bygdenoreg. Det betyr at når du skal ha det artig og lage ein fest, så tek du til deg alt som kan krype og gå av likandes folk. For at latteren skal løysne og dansefoten prøvast, treng ein å drikke ein god del. Det er ikkje noke problem, og før eller seinare kan du være sikker på at det blir steikjandes artig. Ingen sperrer!



Kjetil har det som skal til




Vassendgutane kjem på og det skal dansast sving




Ruben Oestreich, fetter og bilmekaniker




Sjå kva eg fann




Dette er sjefen for Fotoknudsen AS. Kven skulle tru.



Og sjølvsagt blir alle mykje penare ut over kvelden, her er eg og mi seksten år gamle fantastiske kusine Beate:



Før




Etter

Friday, June 16, 2006

Meir klatring

Mmm, klatring er tilfredstillande! I forigårs braut eg og min fetter Kjetil hinna på Dingja som klatrested, med to små søte ruter nederst i den uttørka fossen på Husefjellet.



Kjetil på "Ekstra Vill"


I dag tok eg det videre, med solo førstebestinging av "Mr Brown" og "Eg er singel".



1: "Mr. Brown" (5) 2: "Eg er singel" (4)


Flott flott stein, med mykje mose på som eg kunne koste av og få i augene.

Monday, June 12, 2006

Mestring

Nokon gonger gjer eg ting som tilsynelatande er heilt umogeleg. Det treng ikkje være så veldig viktige og store ting, men det føles fantastisk godt. I dag var det ei rute eg klatra i Ute-veggen. Vel, å seie at eg klatra den er vel ei overdriving. Det kallast hang-dogging på klatresjargongen, og innebærer ein heil del henging i veggen og roping av at "Nei, no vil eg ned!", men så ropes det tilbake at "Berre ein gong til", og til slutt så kjem ein seg opp. Så vert ein heist ned, med eit dundrande hjarte og bankande underarmar, men ein føler seg ganske bra.



Jaja. Tida i Trondheim begynner å bli kort. Eg kjem til å savne dette livet, faktisk, og det kjennest litt meiningslaust å anstrenge seg så mykje for å reise til ein plass på andre sida av jorda, når det er så fint å være her. Takk til alle menneska som eg kjenner her, eg er glad i dykk! No skal eg gå til sengs og forbrede meg på ein dag med vasking, flytting og halvkvalt gråt.

Sunday, June 11, 2006

Eksamensfest

Det begynte slik...


...og endte tolv timar seinare, slik...



...kva meir kan ein seie?

Friday, June 09, 2006

Kort historie

Den natta var eg ikkje åleine
for ei kvinne låg vaken

fylt av kjensler
medan eg sov

eg vakna morgonen etter
som eit barn

eg såg at kvinna hadde ikkje sove
på fire år

ho flaug vekk
eg sette i gong tidsmaskina

Kven er eg?

Eg heiter Trygve. Nokon kaller meg Marco, men ingen kallar meg kjære. Eg har det bra likevel.