Naa foeler eg paa mange maater at eg er ferdig med foerste kapittel av mitt opphold her. Hvilket er kjempebra! Naa er eg altsaa etablert her nede, har faatt ein god del venner, utenlandske og argentiske, har begynt aa faa til aa holde meiningsfulle samtalar paa spansk...de forstaar.
Det beste av alt er at eg har faatt meg leilighet. Den er i bydelen Palermo, litt nordaust for byen. Eit litt roligare omraade, med lave hus, masse kafear og barar, og berre ti minutt med metroen til la City.
Eg og Philipp bestemte oss paa fredag at vi ville bruke laurdagen paa aa proeve aa finne oss ein plass aa bu. Vi hadde hoert at det kan vaere ganske vanskelig, spesielt for utlendingar, og at det er temmeleg dyrt aa leie hvis du ikkje har ein argentinsk bankkonto eller gode kontaktar. Naar vi saa vaakna opp klokka to paa loerdagen, etter ei temmeleg fuktig natt/morgon med folka fraa (det gamle) spraakurset mitt, hadde vi ikkje saa mykje tru paa at det skulle gaa bra. Vi spiste ein lang frukost, satt og leste paa hostelet og syntes det var fryktelig kaldt ute.
Men saann i halv femtida fekk eg endeleg dratt med meg Philipp ut. Vi tok el subte til Palermo, og satte oss ned med ei avis paa ein kafe. Eg ringte paa ein annonse i avisa, og fekk til alt overmaal ein avtale om visning tidlig paa soendag. Vi spiste lunch, og Philipp ringte paa ein annan. Der kunne vi komme paa visning med ein gong! Det var berre fem kvartal unna, saa vi heiv oss avgarde. Det viste seg aa vaere ein kjempekoselig leilighet, som ei kunstnerdame egentleg eide, men ho var i spania for aa tjene pengar, saa mora hennar ville leie ut leiligheita. Ho hadde ein avtale med to colombianske jenter om at dei skulle flytte inn der ein maanad seinare, men vi kunne leie der for ein maanad. Vi syntes det var ein kjempeide, saa vi sa ja paa staden og foelte oss kjempeheldige. Fantastisk omraade, kort til sentrum, masse luft og utsikt(!), flott leilighet, og prisen var berre latterlege 500pesos (1000kr) maanaden (tilsammen! Del det paa to sjoelv!).
Vi var superglade, og skeia ut med ein mojito for aa feire. Halvvegs nede i mojitoen ringer leiedama til oss, og seier at vi kan fortsette aa bu der, for heile aaret! Ho hadde kasta ut dei stakkars colombiadamene til fordel for oss (europearar er visstnok ofte betre til aa betale for seg). Hurra!
Vi reiste heim, eg sov ein halvtime, og gjekk ut for aa moete den mystiske telefondama. Traff ho ved obelisken klokka halv elleve. Ho var kjempesoet, meir enn eg huska, men veldig lita (som alle argentinske jenter). Eg var, som de leser i forrige post, ganske skeptisk til denne dama, ho virka litt intens. Men eg kunne ikkje tatt meir feil, det var kollegaen hennar som var den intense. Han hadde sagt til henne, "du maa gaa ut med denne (merkelige) mannen!", ho sa nei, men saa skreiv han alle dei intense beskjedane til meg fraa hennar telefon, ho fortsto ingenting naar ho mottok masse rare meldinger fra eit fremmed telefonnummer der det sto at ho var litt intens, men ho fant tydeligvis ut av det etterkvart, og syntes ikkje det var ein dum ide likevel. Vi tusla altsaa rundt i sentrum ei stund, gjekk og delte ein liter oel, foer eg sa at eg maatte dra heim fordi eg ikkje orka aa snakke meir spansk (ho kan nada engelsk, og ikkje norsk heller). Det er jo andre ting ein kan gjere enn aa snakke, men eg proever aa vaere ein ordentlig fyr. Ho var i alle fall skikkelig hyggelig, og eg ville gjerne treffes igjen og gjerne hjelpe med ting hvis eg trengte det. Det treng eg sikkert. Patricia heiter ho.