Thursday, August 31, 2006

Telefondama HAR barn

Eg vart ikkje lite overraska, då ASV for eit par dagar siden kunne fortelje meg at Patricia har ein son. Ein son som fyller ni år på lørdag. Eg spurde meg sjølv fleire gonger om ho kanskje allerede hadde sagt det til meg, i ei setning som eg ikkje forsto heilt. Alt eg kunne tenke på var at ho eit par gonger har sagt "Tengo un perro"*, men kanskje det ho egentlig sa var "Tengo un Pedro"?

Vi er i alle fall invitert i bursdagsbesøk på lørdag, eg og ASV. Sjølv om eg har mine tvil om dette og egentlig ikkje har så lyst til å ha meir å gjere med denne jenta, må eg sjølvsagt, i sosialantropologiens navn, benytte anledninga og gå på denne festen.

*"Eg har ein hund"

Wednesday, August 30, 2006

Ikkje veit eg

det er dunkelt, høgt under taket
eg ser opp, ser alt men ikkje
det eg vil ha

eg vil ha eit rom
der eg kan treffe
henne, ho som veit alt
ho som kan fortelle meg
alt eg treng

endelause gongar i fleire etasjer
stadig dukker det samme opp
dunkelt, høgt under taket

ingen veit det som eg vil vite
vite for å få vite meir
eg finn ikkje henne
eg finn ikkje rommet
eg er i kjelleren

eg set meg ned
tenner ein sigarett
det er dunkelt og høgt under taket

desperasjon fyller meg
eg prøver å møte augene
til dei som snakkar eit anna språk
men eg er åleine
dette er feil dør

Thursday, August 24, 2006

Delta Paraná


På andre sida av elva er det ingen bilar, ingen smog, ingen by og berre nokon spreitte ferieboligar.

Etter å ha låge flate i graset i nokon timar, gjekk vi bort til ein gjeng med unge og vakre argentinarar som spelte volleyball og spurde om vi fekk være med. Det fekk vi. Vi spelte i ein halvtimes tid, før vi satte oss ned igjen på plenen, denne gongen samen med argentinararne, for å spise sjokoladekake, drikke mate og røyke ein pitteliten joint.

Vi følte oss svoltne. Vi hadde selvfølgelig kjøtt, så vi grilla det og åt det. Etterpå delte ein pappkasse med vin og ei flaske vodka. Dei unge vakre kom til oss, og vi satt alle kroa ned tett framfor peisen til natta vart lang og alle var runde under føtene.

Litt fotos

Tuesday, August 22, 2006

Høflighet

Eg har motteke eit par halvimplisitte, småskarpe men særdeles høflege hint om at det er litt på kanten å bruke bloggen min til å legge ut om folk på eit språk dei ikkje forstår.

Til det har eg berre å seie boludo, quatsch, merde, pisspreik! Eg seier kva pokker eg vil, på det språket eg vil, om dei eg vil, akkurat når eg vil. Og dei som ikkje gjer det, meiner eg har eit, kanskje typisk norsk, handicap.

Nokon sverger til det dei kallar høflighet, ein av dei mest utbredte sykdommar de del av som befinner seg sør for Brønnøysund og nord for Mexico City. Høflighet, ofte i form av baksnakking, lyging og påtatthet, fører åpenbart ikkje med seg noko godt. Vennleghet derimot, er ei anna sak. Selvfølgelig skal ein møte alle personar med ei positiv mine.

Men denne forbanna høfligheten fører oss alle inn i eit elende av usikkerhet og resulterer i den evige analysen av folk og handlinger, den harde sosiale nøtta som dei fleste menneske bruker mesteparten av si tankekraft på å løse.

Kva meinte han egentlig når han sa det?

Friday, August 11, 2006

Blabla

Eg har mista alle vennene mine. Dei reiste tilbake til Brasil. Må finne nye. Eg såg ei dame med absurd store puppar på metroen i dag. Ei tynn og sprek dame, med to femkilosdaier svaiande foran seg. Satte meg heilt ut. Eg vil ha ei jente, men ikkje ei med så store puppar. Upraktisk.

Hvis det er noko spørsmål om det, så ja, eg er fyllasjuk. Dro ut med språkkursfolka i går kveld for å feire at vi var ferdig med kurset og aldri kom til å sjå kvarandre igjen. Alle forsvant i totida, unntatt franske lille Camille. Og Philipp, som kom. Dro på ein nattklubb og drakk unødvendig mange øl. Philipp sine universitetsvenner var der, ein stort sett kjedelig gjeng, men Camille er skikkelig kul, så eg overlevde uten hjernesvinn.

Kom heim halv sju i dag tidleg, sov i tre timar og for til UBA for å hente karakteren min fra eksamenen i går, språkkurset. Traff selvfølgelig alle frå klassen min igjen. Eg fekk åtte. Åtte av ti. Fornøgd med det, uten at det betyr noko som helst, egentlig. Dei stakkars små koreanarane i klassen min strauk.

Akkurat no er eg litt i tvil om eg skal sove, lese eller springe i dei nye adidas joggeskoa som eg kjøpte meg for eit par timar siden. Frister mest å springe, men for ein gongs skuld verkar det mest fornuftig å sove. Må kvile meg for ei ny natt i sus og dus på byens nattklubbar.

Eg får sende ei melding til Camille. Høre om ho vil spise her. Eller kanskje eg burde ringe Angela. Grei jente, men litt kjedelig på bunn. Kunne ringe ASV og, og høre om vi skal finnepå noko turisme i måra.

Husvertinna vår har invitert meg og Philipp på grillfest. Trur det er på landstedet hennar. Det blir interessant, ho skulle visst invitere ei venninne av seg også, og hennar to vakre døtre, som ho så gjerne ville at vi skulle bli kjende med.

Sa eg at eg elsker Bariloche? Der eg dro forrige helg. Må tilbake. Helst nå, for det har komt ein plass mellom fem og ti meter nysnø denne veka, og det må jo berre være ein heilt surrealistisk opplevelse å stå på ski i... Vakkert landskap. Må nok dra på fottur der i sommer også. Eg har bruk for ein venn som kan gå på fjelltur og klatre med meg. Helst ei flott argentinerinne. Får plukke opp ei på Realize. Klatreplass.

Philipp er her óg. Han spiller musikk på PCen sin og lager rare lydar. Han påstår at han bruker dagane til ting, men eg trur han berre feitern på soffan og snakker i telefon med kjæresten sin. Tåpelig prosjekt, å ha kjæreste i Tyskland.

Eg får springe meg ein tur. Mens eg fortsatt kan leve av den fantastiske lunchen eg spiste for ein time siden.

Tuesday, August 08, 2006

Åh, Luisa!

Du er det vakraste eg har sett
nokon gong, Luisa


Luisa

Du er nydeleg, sett frå alle vinklar
i alt slags lys
Augene dine fanger mine,
som ei gekkotunge fangar ei floge
Eg kunne stirre på deg dagevis
I veker hvis du tok av deg klerna
du har kroppen til ei antilope
med akkurat store nok bryst
ei handfull og litt til


Trolldeig

Du smiler ofte, og eg liker det
men innerst inne veit eg
at du er den tørraste personen eg veit om
Med ei sjel av trolldeig og papp
kjem du ikkje nokon veg
Eg ville gjerne ha opna deg,
Om eg ikkje ville døydd av keisamheit

Wednesday, August 02, 2006

Dårlig turist (så langt)

Eg innrømmer at så langt har eg vore ein dårleg turist. Eg har vore på ingen museum så langt, ei kunstutstilling(*) og sett alt for lite på bygningar. Generelt har eg berre snubla rundtetter fortaua, drukke vin, spist biff og blitt kjend med ein heil masse folk som eg liker, og ein del som eg ganske skeptisk til.

Men no skal eg ta meg sammen. I dag har eg vore på shopping og kjøpt meg ei kul skinnjakke, i kveld skal eg lære meg å danse tango, gå på Buenos Aires viktigste pizzeria og gå ut på ein milonga(**). Til helga skal eg reise til Bariloche sammen med fire brasilianarar(***) i språkklassen min. Bariloche er tjue timar unna med buss, men bussen har supersenger, middag, lunch og frokost, så eg skal nok takle det. I Bariloche skal eg stå på ski!

(*)Hallvard: Eit av kunstverka hadde tittelen "Fuente de fluidos blancos que evaporan rapidamente". Då tenkte eg på deg, og måtte stå lenge å smile med meg sjølv.
(**)Argentinsk nattklubb for dansing av tango og salsa.
(***)Blant dei, verdens vakraste jente, Luisa.