Sunday, October 29, 2006

Terje Vigen



Det er Ibsen-år, og det merkast sjølv her i Buenos Aires. I dag kom eg på at det var siste gongen Terje Vigen-filmen av Victor Sjöstrøm (1916) blei vist på Malba-museet. Eg prøvde først å invitere min kjære Melli, men ho måtte male eit bilete. Så min kjære ASV, men ho måtte slappe av. Så min kjære Camí, men ho måtte spise middag med folkehøgskulegjengen. Så eg gjekk åleine til slutt. Men eg angrer ikkje på det. Eg hadde forventingar, men vart likevel overraska over denne filmen. Det er ein av dei sterkaste filmopplevelsane eg har hatt. For dei som bur i Buenos Aires, er det nok liten sjans for å få se denne filmen igjen, men for dei som bur i Norge, burde det være ein sjans. Sjekk din lokale filmklubb! Og hvis det er nokon av mine lesarar som har ein fot innanfor i Filmklubben på Samfundet, få den satt opp i neste semester! Kjør på med piano og gitar-komp slik som dei gjorde her, og det blir ein heilt unik forestilling.

Saturday, October 28, 2006

Evaporación

Ring ring

Må alle
Være åleine
Uten å
Vite meir
Om det
Som er
Her omkring
Eller ikkje

Me duelen mis sienes. ¿Si no estuviera aquí? ¿No?



Ikkje meg, Lua
Ikkje no
Men eg elsker

Thursday, October 26, 2006

Berre denne eine gongen

Får eg bumme ein sigarett? spør ein mann meg i dét eg runder gatehjørnet. Selvfølgelig, seier eg. Fyr? Vi slår følge bortetter, han er på veg heim etter eit jobbintervju, eg er på veg til bussen for å dra ut til universistetet. Kva gjer eg her, vil han vite, og kvifor. Eg forklarer. Det er ein fantastisk dag, 25 grader og vår, lysegrønne blad og blomster på trea. Vi kjem fram til der kor min nye venn bur, han viser meg kor eg skal ringe på hvis eg har lyst å komme på besøk og gjer meg eit kvart gram med marihuana, av ein grunn som eg ikkje heilt forstår, men eg takker masse og ønsker han lykke til med jobben.

Eg tek fram diskmannen min, set på musikk og blir i endå betre humør. Eg er ikkje den einaste. På busstoppet står eg og blir imponert over kor mykje kulare verden blir hvis ein setter den rette musikken til den. Det går ei stund. Ved siden av meg står ei jente, porteño-jente, men med sin egen stil, meir punka enn dei fleste og vakker heilt frå innerste tanke til ytterste raudlakkerte fingernegl. Eg er facinert. Sender henne eitt og anna blikk, og let i blandt augene vandre slik at ho kan få studere meg i fred. Ho har óg musikk i øyrene. Eg har lyst til å seie noko, men finn ut at det er ingenting å seie. Ikkje nokon ting.

Bussen kjem, eg presser meg inn, bussen er like stinn full som alle bussar som går til universitetet på denne tida. Eg står no heilt inntil jenta, det eine beinet mitt dultar stadig borti hennar medan bussen navigerer seg gjennom Buenos Aires sitt evige trafikkaos. Kvar gong eg kjem borti henne går det som eit støyt igjennom meg og eg anstrenger meg for å ikkje røre ved henne. Eg kjenner pulsen og spenner kvar muskel og med eitt ser ho opp, eg møter det djupe, mørke blikket hennar. Ho har svetteperler i tinningen og opner leppene men snur seg vekk og stirrar ut vindauget på ingenting som fyker forbi. Eg veit fortsatt ikkje kva eg skal seie men er fornøgd med musikksporet eg høyrer på. Bussen bremser, sjåføren tuter og banner og skrik ut av vinduet. Ein stakkars gammal mann sit i bilen sin, stilt på tvers midt i gata, tilsynelatande temmeleg forvirra. Vi vert ståande på raudt lys, sjåføren banner meir og tenner seg ein sigarett. Jenta snur seg mot meg igjen, dette er intenst, eg veit ikkje kva eg skal gjere men eg liker situasjonen. Ho løfter den eine handa si, legger den bak nakken min, eg kjenner dei skarpe raude fingerneglene hennar grave seg inn i nakken min. Eg kjenner leppene hennar, eg kjenner alt. Dette er alt for surrealistisk og eg tenker ei kort stund at eg håper at ikkje eg kjenner noken som er på denne bussen, men berre ei kort stund før alle tanker forsvinner og musikken passer fortsatt bra og denne jenta veit eg alt om no, ho er min nærmaste venn og ingenting kan skilje oss.

Bussen stoppar og ho seier at ho skal av, ho skal av her, og eg har fortsatt ingen ting å seie, eg ser etter henne medan bussen køyrer videre og stopper på neste busstopp der eg går av. Det er ein fin vårdag, 25 grader, og trea på plenen foran fakultetet er raude av blomster.

Thursday, October 19, 2006

Argentinske drikkevaner


Eg leste i avisene her for eit par veker siden at ein eller annan unødvendig organisasjon var veldig bekymra for drikkevanene til argentinsk ungdom, då mange av dei sa at dei minst ein gong i månaden drakk meir enn ein liter øl på ein kveld.

Med andre ord, dei eig ikkje drikkekultur her nede, ikkje på samme måten som oss stolte vikingar, som veit å setje pris på eit godt fyllaslag.

Dei unnskylder seg med at det er dyrt. Det er jo ikkje mitt inntrykk, men greit nok. Hvis dei ikkje gidd å jobbe så har dei vel ikkje pengar heller. Men uansett, det dei burde ha forstått, er jo at hvis dei syns det er så jævla dyrt å drikke på utestader, så kan jo dei drikke seg drita heime! På butikken her kan du jo få ei flaske med noke som sparker bra for fire-fem kroner! Det må jo alle ha råd til.

Nei, det heile er faktisk ganske latterleg. Som utlending føler ein seg jo temmeleg dum når ein snubler rundt, tafser litt på varene, lagar bråk og har det artig, mens alle andre oppfører seg som det var midt på lyse dagen. Eg oppfører meg jo berre som det sømmer seg på ein uteplass, men dei lekre små argentinerinnene, dei ler jo berre av meg. Eg tek på meg det beste fittegliset i byn og sheike æssen på dænsflåren som om helvete skulle vore laus, men det er faen ikkje sjans å få seg ein liten dypp eingong.

Hilsen irritert nordmann

Friday, October 13, 2006

Stryk med eit smil

Eg fekk i dag vite at eg har strøke på midtsemesteren min i Estructura de Materia 4. Det er faktisk den første stryken min siden ein totalt uventa gloseprøve i engelsk som Kisken overraska oss med ein haustdag i 1996. I motsetning til i 1996, hadde eg denne gongen forbreda meg temmeleg godt, ja eg hadde faktisk brukt ganske mykje meir tid på dette faget enn eg vanlegvis bruker på eit fag.

Mykje av tida brukte eg på å setje meg inn i generell formulering av spesiell relativtetsteori, eit tema som merkeleg nok ikkje har blitt nevnt dei tre åra eg har studert fysikk på NTNU, men som dei tydeleg har jobba rikeleg med her.

Det har forsåvid vore veldig interessant, og eg har lært masse, men då vi i dag begynte på andre del av pensum og eg fekk slengt ein haug med lagrange-funksjoner i trynet og endå meir relativitetsteori, mista eg litt motet. Det viser seg at dette faget også baserer seg på Klassisk Mekanikk, det vil seie at eg måtte ha brukt endå meir av tida mi på å studere nok eit emne på egenhånd for å komme meg gjennom neste midtsemesterprøve.

Så no har eg beslutta at kvarkar får være kvarkar, dei får virre rundt som dei vil i sine relativistiske feynmandiagram og hit og dit mellom symmetriske og blanda usymmetriske oktettar og dekumplettar. No får det være nok.

Eg kjem altså ikkje til å konte midtsemesteren i dette faget, og tenker nå å konsentere meg om det eine faget som eg no står igjen med, klimatologi. Veldig kjekt fag.

Dessuten skal eg bruke tida mi på å lære masse meir spansk på ein kjempeintensiv måte, jobbe frivillig i slumbyar, starte ein organisasjon for utenlandske studentar på la UBA, danse tango og være glad.

Sunday, October 08, 2006

Gente, people, folk, Leute


Eg teikna eit kart over mitt argentiske nettverk her ein dag, og det slår meg at det er ei merkeleg gruppe. Ein haug med forskjellige nasjonalitetar, forskjellige historier. Historiene er kanskje det mest interessante. I Norge ville neppe denne gruppa holdt i lag. Det er store forskjellar. Folk som studerer film, arkitektur, fysikk, indøk, kunst, IT, juss, samfunnsvitskap. Folk som jobbar med valutabørs, vevstolar, telefonar, sjukdom, fattigdom og enøktiltak. Men likevel passar dei fleste av oss veldig godt i lag, eg liker desse folka og det verkar som om vi på eit eller anna plan har vi noko til felles.

Friday, October 06, 2006

Lykke

Noken gonger er livet berre heilt fantastisk. Eg veit ikkje heilt kva det er som skjer, men dei siste dagane har eg berre hatt det heilt supert. Dagane går, med studering fram mot midtsemesteren min som er i neste veke, og eg har det jo egentlig ikkje såå bra, men eg går likevel rundt med eit stort smil heile dagen. God holdning, og eg føler at folk ser på meg stadig vekk og dei tenker med seg sjølv at ja, der går ein som har fått seg eit godt ligg. Men det har eg jo heller ikkje. Men det kan jo være eg får det, hvis eg går fortsetter å gå rundt med dette humøret her!

Phillipp lager meksikansk mat, Hugo forurenser lydklimaet her med musikken sin og vi venter på at Felix, Anna, Madeleine, Gastón og kjærasten hans skal komme. Tequilaen er klar og nattens by venter!

Tuesday, October 03, 2006

Sommer

Ah, kvifor ikkje feire det nye haustlege og depressive ansiktet til bloggen min med eit skikkeleg positivt og blomstrande innlegg?

Smaken av sommer


Eg er solbrent. Eg har hatt ei fantastisk fin og avslappande helg. Huseigaren vår inviterte oss med på seiltur til Uruguay, og det er jo ikkje noko ein seier nei til. Vi fekk ein forsmak på sommeren, og eg begynte å lure skikkeleg på kva eg eigentleg skal gjere. Eg har så fantastisk mange ting eg har lyst å gjere, og berre to og ein halv månad å gjere det på.

Eg må lage ei liste:
  • Kjøpe meg ein motorsykkel og putre tilfeldig rundt i Sør-Amerika i tre måneder i strekk.
  • Reise til Brasil, besøke vennene mine der, bruke mykje tid på å henge på stranda, høre på reggae og røyke pot, reise i lag med Anna, snakke portugisisk.
  • Klatre i Andesfjella
  • Gå ein skikkeleg lang tur i Andesfjella
  • Kjøpe meg ein hest og ri tilfeldig rundt i Argentina.
  • Dra til Ildlandet og verdens sørlegaste fastlandspunkt utenom sørpolen
  • Padle i Paraná-deltaet
  • Integrere meg sjølv i ein liten indianerstamme i Amazonas eller Nord-Argentina
  • Kjøpe ein bil og køyre gjennom heile Latinamerika til Mexico
  • Bli forelska
  • Surfe
  • Komme meg til Mexicogulfen og seile rundt med Ida-gjengen
  • Reise til Bolivia, Peru og Ecuador
  • Slappe av

Og det kjem sikkert til å dukke opp mange fleire ting etterkvart. Kva skal eg gjere, folkens?

Kommentar


Ein nær venn og eit par andre har kommentert at det var veldig omstendeleg å legge inn kommentarar på bloggen min før i tida. Då måtte du bla. først melde deg inn i ei bloggersekt, og så skrive eit heilt meiningslaust og teit ord som vanlegvis ikkje var særleg morosamt, for å få kommentaren din inn her.

Dette er no ikkje lenger slik, og einkvar tulling kan no legge inn kommentarar om kva som helst, og det er heilt frivillig om du vil skrive eit teit ord til slutt eller ikkje.