Reise rundt
Då er det første semesteret ferdig, eg klarte å ta eitt fag, hurra for meg, eg var flink. No setter eg ikkje foten min innanfor universitetet før i midten av mars. Det vil seie at eg har nærmare tre månader til å bli bedre kjent med kontinentet og dei som bur her.
På onsdag reiser eg og Lady Lei til Mendoza for å drikke vin og sjangle rundt i dei late gatene. Der blir vi værande i eit par dagar før vi dreg videre for å komme oss til Valparaíso, der vi skal feire nyttår, forhåpendligvis sammen med Felipe, hvis han vil ha oss på besøk. I følge Pablo Neruda er Valparaíso det beste stedet å være på nyttårsafta, og eg stoler på han. Etter Valparaíso set vi kursen nordover, og følger kysten til Peru og hovedstaden Lima, der vi skal feire bursdagen til Lady Lei og prøve å starte ein kulturrevolusjon. Frk. Vardøy kommer til å dukke opp for bursdagen til Lady Lei, og kanskje ho blir med på å sparke igang kulturrevolusjonen etterpå.
Eg kjem nok til å bruke mesteparten av ferien i Peru, og håper å sjå masse spennande ting, gå på fjelltur, surfe, bade, dra til jungelen, ri, spise fisk, skrive, snakke, spørre, klatre og ta bilder.
