Thursday, February 22, 2007

Reiser aaleine

Eg kom meg aldri til regnskogen. Bolivia sine fjell har ein tendens til aa dette ned paa vegane under regntida, noko som gjer det meget vanskeleg aa komme seg fram.

Stoekk i Cochabamba vandra eg rundt i ein halv dag og fann eg ut at det egentlig ikkje var saa rasande festelig der, og bestemte meg for aa reise til Sucre samme kvelden. Eg gjekk til busstasjonen og kjoepte ein av dei tre siste bussbillettane som var att den dagen.

Derretter gjekk eg ein alternativ veg tilbake til hostellet og befann meg plutseleg midt i eitt av latinamerikas verste karneval, der alle var drita og dansa i gatene, tente kinaputter og laga baal. Ungane kasta vannballonger og sproyta skum paa meg, og foreldra deira snakka pisspreik og gav meg oel som plaster paa saaret. Det var forsaavidt rasande festelig, men berre ei lita stund, foer eg vart sulten og gjekk og fekk meg ein velsmakande milanesa og drakk endaa ein liter oel.

Etter dette foelte eg meg temmelig berusa og var ganske lei av aa faa vannballonger paelma etter meg og skum i trynet, saa eg gjekk og la meg paa det stusselige hotellrommet mitt medan eg venta paa at det skulle bli paa tide aa gaa til bussen.

Bussen viste seg aa vaere eit gammalt rael som tilsynelatande ikkje hadde sjans til aa overleve den ti timar lange turen til Sucre. Kvinna med min side derimot var ei saerdeles oppegaaande chilenita, ei av dei vakraste chilenerinnene eg har truffe. Vi snakka lenge om Valparaiso, utdanningssystemet i Chile, vegetarmat og kor idiotiske landegrenser egentlig er. Saa braut girkassen til bussen sammen. Vi koeyrde i omlag ein time i foerstegir og venta saa ein time paa at dei proevde aa fikse den. Dette skjedde tre gonger i loepet av natta, men kvar gong loeyste det seg etter at sjaafoeren hadde klatra litt rundt i motoren, banna hoeglytt og skjelt ut den stakkars kopiloten sin.

Eg og chilenerinna forsatte aa prate utover natta, no om mekanikarar og den generelle standarden til bussane i Bolivia. Det verka som ho tente paa temaet, for ansiktet hennar kom stadig naerare og ho stirra ustoppeleg paa meg. Eg paa mi side proevde aa holde blikket stivt framover og fortelje skikkelig teite vitsar for aa unngaa troebbel.

Morgonen etter vakna vi i eit vakkert landskap med bussen fresande i ti kilometer i timen i foerstegir. Chilenerinna fortalde meg at ho egentlig reiste med ex-kjaeresten sin. Eg spurde om ikkje det var litt rart, og ho sa ja. Omsider kom vi fram, 4 timar etter planen og der satt jammen ex-kjaeresten hennar og venta paa henne. Eg sa hei og spurde om han hadde venta lenge, han svarte ja og saag paa meg med ildsprutande sjalusi i blikket. Han var ikkje noko pent syn. Eg fann det best aa forlate dette ex-paret med dei latterlege problema sine for seg sjoelv og unnskylda meg, stakk til gringo-hostellet mitt og tok ein etterlengta dusj.

Sucre er meget forskjellig fraa dei fleste andre byar i Bolivia. Ryddig, rein og vakker og tilsynelatande med ein levestandard langt over det som er normalt i Bolivia. Det turistar vanlegvis gjer i Sucre er aa sjaa paa alle dei fine husa, gaa paa museum og reise aa besoeke ein fjellvegg med fossiler av dinosaurspor.

Eg for min del gjekk paa den mest gringo kafeen i byen og spiste ein god frokost medan eg leste i Travesuras de la Niña Mala av Mario Vargas Llosa. Eg fortapte meg heilt i boka og vart sitjande i to timar og tre koppar kaffi.

Eg gjekk ut av kafeen og saag eit lite fjell med ein kristus paa. Eg tenkte at eg hadde god tid til aa gaa opp dit foer bussen til dinosaurspora gjekk, og la i veg. Paa toppen sto kristus med armane rett ut paa ei stor soeyle. Eg holdt paa aa ta eit skikkelig teit bilde av meg sjoelv med kristus i bakgrunnen, daa eg hoeyrde stemmer fraa soeyla. Eg vart litt skremt og satte meg ned for aa observere soeyla og finne ut kva det var sa.

Eg hadde no litt for lite tid til aa rekke dinosaursporbussen, og burde egentlig springe ned igjen. Eg gav faen i dinosaurveggen, spiste mine smultringforma maiskjeks og tente meg ein tjall. Naar tjallen var slutt kom tre indianarar ut av ei doer i soeyla og tusla uskuldig ned fraa det litle fjellet. Rett som det var oppdaga eg at rundt om kring meg paa bakken laag det stroedd eit hundretals geitehorn. Lykkeleg plukka eg ut det finaste, som egentlig ikkje var saa fint, og rusla ned paa feil side av fjellet.

Etter ei lita stund fann eg ut at eg ikkje hadde bruk for eit gamalt rottent geitehorn og kasta det fraa meg.

Paa den feile sida av fjellet var det ikkje saa mykje. Ein del bondegaardar med tilhoeyrande boender, okser, bikkjer, griser, sauer og ungar, som alle stirra paa meg med ei blanding av skrekk og nyssgjerrighet. Dei var alle litt i tvil om korleis dei skulle behandle denne Raoul Duke-aktige figuren. Dei valgte aa la meg passere i stillhet og soerge for at dette ikkje vart skreve i gloeymeboka.

Etter aa ha gaatt ein lang halvsirkel rundt fjellet var eg tilbake i byen som paaberoper seg aa vaere Bolivias hovedstad og dermed fraroever tittelen til La Paz som vaerdens hoegastliggjande hovedstad. No lurer eg paa om eg skal stikke aa sjekke om eg finn chilenerinna og hoeyre korleis det gaar med det artige litle ex-forholdet hennar.

Tuesday, February 20, 2007

Helvetes karneval

Er eg veldig norsk og kjip hvis eg seier at naa faar det jammenmeg vaere nok karneval? Opplevde foerst det peruanske karnevalet, som forsaavidt var kult, men naa er eg midt i det bolivianske, og begynner aa bli litt lei. Kom i dag til Cochabamba, og her er det masse karneval. Det vil seie, paa kvart gatehjoerne staar det 10-15 ungdomar med vatnballongar og vanngevaer, dei koeyrer forbi i bilar og lastebilar med planet fullt av ungar og vatn, dei staar paa hustaka og i vindauge med ballongar og boetter, og fyrer av kinaputter heile tida. Alle proever sjoelvsagt aa vaete meg ut, men her i denne byen har dei faktisk ikkje faatt inn ein einaste heiltreffer. Det faar meg til aa tru at eg kan overleve ein krig.

Eg hadde tenkt aa reise videre til Villa Tunari i dag, ein plass som saag veldig fin ut paa Google Earth i gaar. Men saa snakka eg nettopp med ein mann i gata som meinte at eg sikkert kom til aa doe hvis eg reiste dit. Problemet er regn, daarlige veier og jordras. Saa snakka eg med dei som driver transport dit, som sa at det gjekk an aa dra dit, ein maatte foerst reise med ein bil, saa gaa ein halv kilometer over eit jordras for saa aa fortsetje med ein annan bil paa den andre sida. I og med at det snart blir moerkt fann eg ut at det kanskje er stoerre sjanse for aa overleve denne ekspedisjonen i maara tidleg, i dagslys.

No skal eg gaa paa Viking Pub og spise middag.

Monday, February 19, 2007

Sommerferie i Latinamerika

Du trur kanskje at du har det kaldt og vaatt der heime i Norge? Du syns kanskje litt synd paa deg sjoelv og tenker at du skulle hatt det som meg, der eg ligg paa stranda med beina paa surfebrettet, brun og fin, med ein kald pils i eine handa og ei latinojente i den andre?

Vel, til alles opplysning kan eg melde om at inntrykket ditt er feil, og at eg for fjorten timar siden (kl 0200 lokal tid) vart stoppa av hardt snoevaer, snoeskredfare og redsel for aa dette ned i ein bresprekk daa eg proevde aa bestige denne toppen:


Huayna Potosí 6088 moh

Vi stoppa paa 5400 moh og gjekk ned igjen til Campo Alto for aa drikke te og spise snickers.

No er eg tilbake i La Paz og proever innbitt aa unngaa ilske vannballongkastende karnevalfeirende barn. I maara reiser eg til jungelen, Cochabamba.

Friday, February 16, 2007

Bolivia

Etter aa ha staatt aa kjefta paa postdama i Puno ei god stund og faatt ho til aa leite igjennom alle breva paa heile postkontoret fekk eg endeleg passet mitt tilbake. Ein snill politimann i Cusco hadde sendt det til meg i Puno mot ein liten sum slik at eg slapp aa reise tilbake. Det han ikkje hadde faatt med seg var at eg heiter Robert Per Henriksen og ikkje Tregue Iueiteras, og at forsendelsesnummeret var 786524 og ikkje 686524.

Lykkeleg med mit eige pass i lomma kunne eg setje kursen for Bolivia sammen med Lady Lei og ASV. Vi er no alle i La Paz bortsett fra Lady Lei som reiste tilbake til Lima for tre timer sidan. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere framover, men eg tek kanskje med meg ASV opp paa Huaina Potosí i maara, som er 6088 meter over havet.

Wednesday, February 07, 2007

Re boludo

Cusco er kanskje den beste byen i Peru for aa gaa ut. Eg og Joeran sjekka utelivet i gaar, medan ASV holdt seg paa hotellet og stella med infeksjonane sine. Det var veldig artig kveld. Kvart femte minutt skreik dei utover hoegtalarane at det var happyhour og at den berre varte i fem minutt til. Vi foelte sjoelvsagt kvar gong at vi maatte gjere nytte av dette tilbodet. Etter litt for mange Cuba Libre gjekk Joeran heim og spydde ved siden av senga til ASV, mens eg slo meg i lag med ein tilfeldig gjeng med fulle chilenarar. Vi dansa oppfoerte oss ganske daarleg, foer eg plutseleg gjekk heim og sov fram til midt paa dagen i dag. Naar eg vakna oppdaga eg at bukselomma mi der passet mitt burde ha vore inneholdt ikkje noko meir enn ein lighter.

No er eg ganske fyllasjuk og lurer paa kvifor i all verden eg tok med meg passet paa fylla, om eg mista det eller nokon stjal det, om eg klarer aa snike meg inn i Bolivia utan pass, og om eg snart blir istand til aa spise igjen.

Monday, February 05, 2007

Cusco, inkaruiner og Macchu Picchu

I gaar var eg i Macchu Picchu. Vi sykla ein dag og gjekk to for aa komme oss dit. Ikkje paa den beroemte inka-stien, men ein annan sti, delvis inkasti den og, og minst like fin. Det kan anbefalast som eit billegare alternativ for aa komme seg til Macchu Picchu. Takket vaere driftige forretningsmenn fraa USA er det alt for dyrt aa komme seg fram dit. Dei kjoepte opp den nasjonale toglinja i paa nittitallet, skrudde opp prisen og holder paa monopolet ved aa bestikke lokalpolitikere.

Vi gjekk i lag med ein peruansk guide, to norske jenter, to australske gutar og to franske. Dei to norske jentene vart pulte av dei to australske gutane den foerste dagen utan at dei egentlig ville, og medan franskmenna saag paa. Den eine franske mannen hadde eit videokamera som han filma alt med. Han fekk ikkje filma pulinga, men han filma at toget koyrde over ei ku. Den andre franskmannen drepte ei hoene i ei sykkelulykke. ASV reiv ned ein stein fraa ein inkaruin og holdt paa aa gjere det slutt paa eit forelska par som satt rett under. Eg for min del er ein av dei faa som kan seie at eg har baesja i Macchu Picchu, daa plutseleg trykket vart for stort og eg maatte springe ned ei trapp og gjoemme meg bak ein stein. Den nest siste dagen gjekk me langs togskinnene som er eigde av dei driftige amerikanske forretningsmenna og sang alle norske sangar heilt til eg fann 400kr paa togskinnene og begynte aa tenke paa kva eg skulle gjere med dei. Eg fann til slutt ut at det luraste var aa sjenke alle sammen og det som var igjen gav eg til guiden. Klokka fire om morgonen i gaar sto me opp og gjekk 400 meter opp ei trapp for aa sjaa soloppgongen fraa Macchu Picchu. Det var ein veldig fin ruin. Min favorittruin ved sidan av gamlefjoesen til bestemora mi.

Men Macchu Picchu er ikkje saa unikt som alle trur. I dag var eg, ASV og Jeroen paa ein annan plass, Pisac, som er berre ein time med buss fraa Cusco. Det er nesten gratis og nesten like fint som Macchu Picchu. I morgon skal me reise ein annan plass og sjaa endaa noko anna, som sikkert er minst like fint.