Tuesday, April 24, 2007

Eit lystig liv

Universidad de Buenos Aires er eit stort universitet. Eg trur eg har høyrt at det er over 300 000 studentar totalt. Det er avdelingar rundtom i heile byen. Eg studerer i Ciudad Universitaria, litt nord for sentrum, som er ein ganske trivelig plass med masse gras og utsikt over elva.

I Ciudad Universistaria er det tre store bygningar. Dei er sannsynlivis blant verdens ti styggaste. Dei kallast Paviljongar, misvisande nok (*). Dei er gigantiske, høgaste grad firkanta, og har ingenting med hverken avslapping og behag å gjere.

Paviljong 3 er veldig trivelig og interessant. Dette er Fakultet for Arkitektur, Design og Urbanisme. Paviljongen er alltid full av folk, masse unge mennesker som stresser rundt, prater og gestikulerer, veggane er fulle av politiske budskap og det er masse forskjellige spisesteder og kafear. Folk går rundt med filmkamera, tegneblyantar og pappmodellar og har kule klær.

Paviljong 2


Paviljong 2 er hovedbygningen til Fakultetet for Naturvitenskap. Her er det ei heilt anna stemning. Hvis du kjem frå Paviljong 3 vil dette for deg verke som eit spøkelseshus. Bygningen er identisk med paviljong 3, men nesten tom. Det er nokon folk der, du ser dei gå langs gangane, men det verkar tomt. Heile bygningen verkar hul, det er noko som manglar. Det er ein evig støy i bygget, men det er tilsynelatande støyen av ingenting.

Paviljong 1 høyrer også til Fakultetet for Naturvitenskap. Her finn du studentane som studerer Fysikk, Matematikk og Informasjonsteknologi. Paviljongen er praktisk talt død. Det er sannsyligvis, hvis ein ser vekk ifrå områder som sliter med folkemord, verdens tristaste plass. Folk flest liker ikkje å snakke, og holder seg stort sett i forelesningssalane eller heime.

Eg for min del hadde håpt eg skulle klare å få eit par venner på fakultetet mitt, men det viser seg å være vanskelig. Eg prøver stadig å møte blikket til klassekameratane mine, men dei stirer beint ned i pulten. Eg slenger ein kommentar om kor kjedelig eg syntes forelesningen er eller at eg ikkje skjønner nokonting, og dei nikker og svarer javel. Etterpå seier dei ingenting. Av og til seier dei litt meir, men dei sørger for å seie det så fort, lavt eller utydelig at dei er sikker på at eg ikkje forstår noko. Eg trur dei snakker mykje baklengs.

Og eg tenker at jammen, det er nok ganske internasjonalt dette med at fysikk og matte-folk er noken bøttehoder. Og eg er skuffa. Eg går dag ut og dag inn, åleine, på fakultetet og blir gradvis meir innadvendt sjølv. Det deprimerer meg, og eg lurer på om det alltid skal fortsetje slik.

(*) Ifølge Wikipedia på norsk er "en paviljong en liten rund eller mangekantet bygning i park eller hage"

Ifølge Wikipedia på engelsk: "Pavilion may refer to a free-standing structure sited a short distance from a main residence, whose architecture makes it an object of pleasure. Large or small, there is usually a connection with relaxation and pleasure in its intended use".

Tuesday, April 17, 2007

Paastand

"Laanekassen er per dags dato den mest udugelige og gammeldagse, fortsatt eksisterende, institusjonen den norske stat har klart aa framdrive. "

Med jevne mellomrom klarer den aa vekke hat og hevnlyst i ei ellers fredelig sjel. Beklager folkens, men eg faar ikkje fred foer eg publiserer dette. Her er siste klage:

Hei Laanekassen!
Jeg har en klage.

Jeg studerer for oeyeblikket i utlandet. Jeg har faatt tildelt stoette fra Laanekassen for vaarsemesteret 2007. Stoetten min er naa annullert. Paa grunn av at jeg var paa reise fram til etter fristen for aa sende inn signert gjeldsbrev, hadde jeg ikke mulighet til aa skrive under gjeldsbrevet i tide, og stoetten min ble annullert.

Ikke stopp aa lese her. Jeg VISSTE at jeg ikke ville faa anledning til aa sende inn gjeldsbrevet i tide, og RINGTE derfor til Laanekassen i midten av februar for aa bestille et nytt gjeldsbrev med en lengre frist. Jeg fikk, saa vidt jeg husker, snakke med en mann paa "internasjonal avdeling", som sa at det var greit, han skulle anullere brevet og sende meg eg nytt. DETTE BLE IKKE GJORT, og stoetten min ble annullert i slutten av mars.

JA, jeg vet hvordan prossessen er for aa faa tilbake den tildelte stoetten. Problemet er at jeg bor i Argentina, og at denne prossessen impliserer at fire brev sendes diagonalt over Atlanterhavet. Med tanke paa at ett av to brev som sendes mellom Argentina og Norge blir tapt i postgangen, er sjansen for at dette skal gaa bra redusert til 6,25%. Jeg har bruk for disse pengene, og haaper dere er i stand til aa finne en loesning som gir meg bedre odds.

Takk.


Og for eit halvt aar siden skreiv eg dette:

Eg er veldig glad for Laanekassen tilbyr stipend for at eg skal ha penger til å lære meg eit nytt språk. Eg vil no gjerne bruke dette nye språket til å uttrykke mi meining om servicen de tilbyr.

Traté cinco veces mandarles el certificado de mi curso de castellano, sin ningún exito. Me enojaba mas cada vez. Me alegre mucho que hayan implementado ése tontísimo sistema electronico. Al fin me parecía que había logrado mandartelo y comenzé esperar. Despues de un mes (¿que estaban haciendo, boludos?), llegó a mi dirección en Noruega un documento que necesitaba mi firma y que lo mandara a ustedes. ¿Ustedes no se habían enterado de que no vivía en Noruega? ¡Pelotudos! ¿Por qué creen que hice el curso de castellano? Mis papás me trataron mandar ese documento a mi dirección en Argentina, pero se perdió al diablo en algun maldito rincón. ¡Que suerte que ya me hubieron mandado una cópia electronica! Que yo imprimí, firmé y mandé a ustedes. ¿Pero que me dijeron, putos? ¿Que no valía una cópia? Muéstrenme esa maldita ley, por favor. Igual, me mandaron un nuevo documento, a Noruega, que despues se perdió en el oceano yendo a Argentina, que se yo. Dejense de joder. Mandenme el documento para firmar o el mango ya, o si no voy a poder regresar a Noruega, ni terminar mis estudios y me voy a vivir acá como un villero. Vayanse al diablo, chorros desgraciados.


Og eg kunne ha skreve minst tre fleire brev av same typen i loepet av dei siste aatte maanadene.

Tuesday, April 03, 2007

Kveitebrødsdager



For eit par månader siden begynte vi å tenke på korleis vi skulle klare å få min kjære Lady Lei inn i Norge. Eit peruansk pass er ikkje det beste kortet ein kan ha på handa. Mange metoder vart undersøkt, og fleire forslag kom inn. Eitt av dei tidlegaste vurderte forslaga var ekteskap.

Eg har aldri vore nokon stor tilhenger av ekteskapet. Ekteskap, kone, mann og familie er ord som faller meg fremmede, og som ikkje nødvendigvis gir meg gode assosiasjoner. Eg tenker krangel, skilsmisse, ansvar og økonomi, i beste fall ord som kjedelig, jobb, mas og rutine. Disse assosiasjonene skriv seg frå utallige historier frå familie, venner og venners familie i Norge. Men eg har tenkt, eg har tenkt mykje.

Og eg har komt fram til at ekteskapet ikkje er synonymt med krise og undergang, men at det kanskje rett og slett kan være ein fin ting. Eg beslutta å rive meg laus frå kulturarven min frå Norge, rive meg laus frå fem år som samboer-regelen, og stole på hjartet mitt, stole på følelsane mine, og ikkje være redd for kva venner og familie seier, og kva dei kjem til å seie. Eg bestemte meg for å leve raskt, å leve annleis. Eg bestemte meg for å gifte meg.

Dei siste vekene har vore slitsomme, eg har fundert mykje over kva det vil seie å være gift, og om det vil seie noko i det heile tatt. Eg har snakka med foreldra mine, som hadde meget vanskeleg for å akseptere ønsket mitt om å gifte meg, i og med at dei aldri har truffe og berre så vidt snakka med Lady Lei. Ei stund var heile bryllupsplanene avlyst, heilt til eg ein kveld innsåg at det ikkje var noko å være redd for. Eg innsåg at det berre var to personar som hadde rett til å bedømme om dette var galskap eller ikkje, meg og Lady Lei. Vi syntes begge det var galskap, men galskap av den gode typen. Eg glømte alt eg hadde planlagt den kvelden, og sprang heim til leiligheten min, der eg falt på kne framfor Lady Lei og bad henne med tårer i augene om å gifte seg med meg. Dette skjedde på forrige søndag. Vi falt begge i gråt og ho sa ja.

På torsdag gifta vi oss. Ein liten seremoni, med oss to, ein dommer og våre to forlovere, på Registro Civil her i Buenos Aires.

Dei siste dagane har eg fortsatt vore stressa. Eg har fortsatt å lure på kva det betyr at vi er gift, men eg har funne ut at det ikkje betyr nokonting av det eg var redd for. Eg er fortsatt ung, eg er fortsatt fri, eg er fortsatt student og forholdet vårt er fortsatt det same. Eg er fortsatt uansvarlig og halvgal, eg skal fortsette å skrive dårlige dikt og klatre fjell, eg skal fortsette å drikke meg full, eg skal fortsette å drømme om ein betre verden, eg skal fortsette å leve. Det betyr berre at eg gleder meg av heile mitt hjarte til å dele framtida mi med denne fantastiske jenta.