Eg har aldri vore særleg svak storbyar, men reiste likevel til Buenos Aires, ein av verdens største byar, for å bu her eit år. No er eg lei. Eg vil ut av storbyen, eg vil treffe folk eg kjenner når eg går i gatene, eg vil høyre småfuglane synge og grille pølser over eit bål. Eg føler meg rett og slett ikkje konfortabel i denne byen lenger, eg går på veggene og føler meg fanga, eg vil sjå horisonten og oppleve stillhet. Eg vil sleppe å sjå tiggarar i gatene, eg vil sleppe å sjå nyheter om vald, opprør og trafikkulykker på TV, eg vil sjå glade mennesker og drikke øl i sola.
Eg har aldri skjønt kvifor folk verkeleg har lyst til å bu i slike byar. Det er klart at det har sin sjarm, det er kjekt med kultur, shopping og liv i gatene og sånn, men det veier ikkje opp. Dessutan har storbymennesket vaner og holdninger som eg ikkje tåler. Her er det individualisisme som gjelder, kvar skal smir si eiga lykke. Storbymennesket stel og lurer og gjer faen heile tida, og veit ikkje kva kjærleik til alle menneske under sola er for noko. Hvis ei gamal dame bruker for lang tid på å krysse gata er det hennar feil, ein er fri til å tute og true med å køyre på henne. Søppel kaster ein i gata, for det kjem folk om natta som kan plukke det opp. Hvis du ser nokon som vert rana eller mishandla, er det best å komme seg unna, så ein ikkje blir rana og mishandla sjølv. Hvis nokon spør om noko medan ein går i gata, er det best å fortsetje rett fram utan å seie noko, nok ein gong for å unngå å bli rana eller mishandla. Dessutan klagar storbymennesket på det meste, men ser ingen løysingar. Det er ikkje nødvendig å løyse problema, sidan det ikkje er hans/hennar ansvar.
Det er folk over alt. For mange. Eg treng plass, eg treng plass til å skrike, grine og og sparke fotball utan at folk ser rart på meg eller melder meg til politiet.