Saturday, July 28, 2007

Å snu alt som er oppned


- Det var eg som var den norske jenta, svarer ho. Ho hadde nettopp fortald meg om ei sak som var akkurat lik vår, om eit par som hadde gifta seg i utlandet, ei norsk jente og ein brasiliansk fyr. Dei hadde soekt om oppholdstillatelse i Norge for han, familiegjenforeining som det heiter. Dei hadde venta i søtten måneder uten å få endeleg svar frå UDI, og til slutt hadde dei fått nei. Han fekk aldri oppholdstillatelse. Så reiste han til Norge eit par ganger på turistvisum, men det fungerte dårleg. Han var ferdigutdanna ingeniør, men på turistvisum kunne han ikkje jobbe. Dessutan må ein vente eit halvt år mellom kvar gong ein kan få reise inn i Schengen-området. Han vart, kvar gong han kom til Norge, gåande rundt med lite og ingenting å ta seg til. Ho var student, studerte ein master i samfunnsvitskap, men hadde eit par år igjen for å bli ferdig. - Til slutt vart det for vanskeleg, seier ho. Etter nokre år gjorde vi det slutt. Det fungerte rett og slett ikkje, slik situasjonen var.

Eg visste allereie at det var vanskeleg, men ikkje at det var umuleg. Reglane for familieinnvandring i Norge er ikkje så greie for studentar. Sjølv gifte par treng å ha ei årleg inntekt på tilsaman minst 180 000 kr for å få oppholdstillatelse for den utenlandske parten. Søknadstida er vanlegvis på 8-10 månader, men kan vare lengre. Det finnast eit visum som kan gjevast til ektefelle som venter på svar på søknaden, men dette kan kun utstedast i tilfelle der saka er klinkande klar.

Vi kunne altså ikkje få det midlertidige visumet. Dette hadde vi fått vite for ei veke sidan. I månader hadde vi planlagt reisa, kjøpt billettar og sendt ting til Norge, leita etter jobb og gleda oss. Så fekk vi beskjed om at det ikkje gjekk likevel. Vi kansellerte billetten hennar og vart enige om at ho skulle komme til Norge på turistvisum eit par månader seinare, og så håpte vi på å få svar i løpet av dei tre månadene ho kunne oppholde seg i Norge.

- Søtten måneder, seier du?, spør eg. - Jepp, svarer jenta på ambassaden, - Søtten. Har du tenkt å skaffe deg jobb? spør ho. Det har eg jo ikkje. Eg har tenkt å studere ferdig også etterpå begynne å jobbe. Å droppe studiene no for å begynne å jobbe fast i kassen på Rema er verken freistande eller særleg fornuftig. Om eitt år er eg ferdig utdanna sivilingeniør. - Du må nok skaffe deg ein jobb, seier ho. Eg skjelver, eg kaldsvetter og stirar med eit tomt blikk på min kjære som sitt på den andre sida av bordet som eit stort spørsmålstegn. Eg seier takk, vi snakkes.

- Kva sa ho?, spør lady Lei. - Ho sa at ho hadde forsøkt å gjere det samme som oss, svarte eg. - Og? - Vel, dei venta søtten måneder på svar frå UDI, seier eg. - Søtten? Er du gal? Også? Også gjekk det til helvete, tenker eg. Det gjekk faen meg til helvete, og det skjønner eg godt. Det er faen ikkje enkelt å gå å vente så lenge i kvart sitt land. Og til slutt, ingenting. - Ooog? insisterer lady Lei. - Også reiste han til Norge og dei levde lykkeleg i alle sine dagar, lyg eg medan eg stirer i veggen.

Vi hadde stått opp tidleg for å få tid til å gå på reisebyrået og kjøpe flybillettane som Leiry trengte for å få utsteda turistvisumet før eg måtte på universitetet og avgje min siste endelege eksamen. - Skal vi gå? spør Leiry. Eg svarer at eg føler meg ikkje heilt bra, eg er stressa på grunn av eksamenen, lyg eg, eg treng å kvile litt før eg går. Vi gjer det i måra. Det går bra, det er i måra vi treng å levere inn visumsøknaden, ikkje i dag. Ikkje sant?

Dagen etterpå ringer alarmen klokka åtte. Eg orkar ikkje å stå opp, ikkje ho heller. Klokka halv ti velter vi ut av senga for å drikke ein skarp kaffi. Det er iskaldt i leiligheten. Vi må skunde oss for å få tid til å kjøpe billettane og dra til ambassaden før besøkstida deira er over. Vi må dessutan få tak i ei reiseforsikring, dei gjer ikkje visum utan at vi har alle dokumenta klare.

Kaffien gjer meg kvalm, eg klarer ikkje ete meir enn eit par søte kjeks. Vi seier ingenting. Eg tygg sakte. Telefonen ringer. Det er frå ambassaden. Det er konsulen som ringer. Eg seier hei og tenker at kva faen er det han vil no, har han ikkje laga nok problemer for oss? - Jeg har en gledelig nyhet til dere, seier han. - Jaha, seier eg medan eg tenker at eg håper at den gledelege nyhendinga er at ambassaden har brent ned og han er den einaste overlevande, men at han er alvorleg skada og kjem til å døy snart. - Din kone kan reise til Norge, seier han. - Hæ? roper eg inn i røret og mister kaffikoppen i golvet. - Hun har fått innvilget oppholdstillatelse og arbeidstillatelse og kan reise til Norge når hu vil, fortsetter han. - Hæ? Er du sikker? spør eg. Han er sikker. Han ler, og seier at vi kan komme innom ambassaden i løpet av dagen for å få innreisevisumet. Eg dett av stolen og seier tusen takk, tusen takk, tusen takk, tusen takk tusen takk. Vi ses.

- Kven var det? spør lady Lei frå den andre sida av bordet medan eg karrer meg opp på stolen igjen. - Det var konsulen. Han sa at du har fått innvilga oppholdstillatelse. Alt er i orden! ALT!

Lady Lei stirrer på meg i to sekund, andletet hennar forvandler seg, ho reiser seg frå stolen. Eg reiser meg, vi skrik, vi grin, vi ler, vi roper og hopper og veit ikkje om fleire utrykk for glede før vi til slutt ligg på golvet og ho seier - Vi må kjøpe billett! også netter vi opp Air France og kjøper tilbake akkurat den same billetten som vi kansellerte for ei veke sidan før vi spring ut døra og ned trappa og vi sitter på bussen på veg inn til sentrum og eg kjenner at eg er endeleg meg sjølv igjen, eg slapper av, eg smiler, eg er lykkeleg, lykkeleg, lykkeleg.

Korleis dette skjedde er det veit vi ingenting om. Vi leverte søknaden for tre og ein halv månader siden. Minste ventetid er åtte månader, men eg var allerede forberedt på å vente i søtten. Noken trur det er Gud, andre trur at konsulen har gode kontakter, andre igjen trur at det har blitt sendt store sinte muskelmenn på dørene til UDI. Eg trur berre at vi har hatt jævlig mykje meir flaks enn eg nokon gong før har vore i nærheten av å ha.

Om ei veke er vi på norsk jord.

Friday, July 20, 2007

Stille oeyeblikk

Av og til vaknar eg paa en soendag formiddag, aapner vindauget og let sola skine over min troeytte kropp, kald luft siger inn i leiligheta. Eg kan hoeyre ein fugl som kvitrer og ein og annan bil som farer forbi i gata. Eg kan sjaa lufta og tenkjer tilbake paa veka som har gaatt og tenker at den veka var slett ikkje saa ille, og at eg er glad for det eg har, og saa kjem kvinna i mitt liv og gjer meg eit kyss og ein kopp kaffi.


A veces me despierto un domingo al mediodía, abro la ventana y dejo al sol brillar sobre mi cuerpo dormido, aire frío llena el departamento. Un pajarito está silvando y un par de autos pasan por la calle. Puedo ver el aire y pienso en la semana que pasó y que la pasé bién, estoy contento con lo que tengo y ahí viene la mujer de mi vida, que me da un beso y una tacita de café.

Av og til syklar eg heim fraa universitetet, attmed el Río. Klokka er halv seks og sola held paa aa gaa ned og lyser paa meg med eit raudt og varmt lys. El Río, som vanlegvis er brun og skitten, har kledd seg i blaatt og speglar skyene som gaar i penselstrok over himmelen. Fiskarane staar langs stranda med stengene sine og ser utover medan dei venter paa ein fisk som aldri biter, og som ein uansett ikkje kan spise. Eg tek meg ein pause paa piren medan eg roeyker ein sigarett og ser paa baatane som ein paa den andre sida av el Río saa vidt kan skimte gjennom den tynne, raude skodda, og eg kan hoeyre vatnet skvulpe under meg.


A veces, saliendo de la facultad, voy por la Costanera montado en mi bicicleta. Son las seis y media y anochese, el sol brilla con una luz roja y cálida. El Río, que normalmente tiene un color marrón, se ha vestido de azul y refleja las nubes que van dando pinceladas en el cielo. Los pescadores en la orilla miran sobre el Río mientras esperan un pez que nunca muerde el anzuelo, que aún no se puede comer. Me paro un rato en el muelle, me fumo un cigarillo y miro los barcos que van por el otro lado del Río, se ven vagamente a través de la niebla roja. El agua suena abajo del muelle.

Av og til sit eg ved lagunen ved planetariet, bilane susar forbi bak meg og eit fly dundrar medan dei tek av fraa flyplassen, toget buldrer forbi og floeyter. Eg ét ei mandarin og ser paa ein flokk med ender som krysser lagunen for aa sjaa om eg har noko til dei, og eit forelska par staar og kliner paa plenen foran planetariet.


A veces estoy sentado al lado del lago del planetario. Los autos van por la pista detrás de mi, un avión despega del aeropuerto, un tren pasa roncando y silva. Me como una mandarina y miro un grupo de patos que estan cruzando el lago para ver si tengo algo para ellos y una pareja de enamorados se estan besando sobre el césped frente al planetario.

Wednesday, July 11, 2007

Happy eksamensperiode

Friday, July 06, 2007

Rydde

Thursday, July 05, 2007

Lenge sidan sist

Eg kjenner deg att, etter alle desse åra. Det er godt å sjå andletet ditt igjen, godt å sjå deg smile og høyre stemma di. Men like vel føler eg ei sterk trong til å spytte deg i augene. Eg har lyst til å rive deg opp frå lenestolen, sparke deg i ræva og kaste deg på havet. For, kva i helvete er det som har skjedd med deg? Kroppen din er tung og lat, livsgleda er borte. Blikket ditt, som eg hugser var fylt av kjærleik, skjemt og vilje, er no blitt blasst og viker unna når eg ser deg i augene, viker mot næraste TV-skjerm. Kameraten eg hadde, som eg leika i lag med, som levde hardt og ekte, er ikkje lenger den same. Og du snakkar om bilen din, alt du har kjøpt og kor mykje pengar du har, om jobben, men kvar vert det av tiltakslysta, kvar vert det av varmen som eg alltid følte når eg var i lag med deg?

Men eg seier det igjen, det er godt å sjå deg att.