Alt er umuleg

Då eg var liten, hørte eg stadig snakk om at ingenting var umuleg. Fortsatt er det ein del som ymter frampå med dette latterlege utsagnet, som for meg har mista all meining for lenge sidan. Det er åpenbart at i vår sekulariserte og ikkje-magiske verden er så godt som umuleg. Det er berre våre fantastisk firkanta og oversiviliserte hjerner som er i stand til å tenke så einspora at ein kan få seg til å tru at alt er muleg. For oss verkar einkvar kreativ tanke "umuleg".
Eg beklager min overpedantisme og vil understreke at eg har forstått at sjølv om det meste er umuleg, er det ofte muleg å finne ei løysing som liknar på det ein først tenkte på, altså det umulege. Grunnen til at eg skriv dette er at eg nok ein gong har komme inn i ein periode av min sykliske depresjon. Eg omgåast mange positive mennesker dagleg, som får meg til å tru at det er eit håp, men så faller eg stadig tilbake til den samme konklusjonen. Vi destruerer oss sjølv og kvarandre, dag for dag og time for time, det er ikkje nokon veg tilbake.
Det siste er ein ny liten vri på hydrogenfjolleriet, som eg kom på her ein dag eg satt på forelesning i energi- og miljøfysikk. Foreleseren snakka fritt og freidig fram om kor fint hydrogensamfunnet vil bli, og slengte heldigvis på opplysningen om at hydrogen er berre ein energibærer, og ikkje kjelde, slik som dei fleste journalister og politikere i Norge tydelegvis trur. Vel, så gjekk foreleseren over til å snakke om alle mulege energikjelder, medan eg vart sitjande og tenkje på fusjonsenergi.
Fusjonsenergi, tenkte eg. Og eg tenkte tilbake på mine naturfagtimar på gymnaset, eg tenkte på min gamle og støvete lærer, som stotra fram at dersom vi kunne løyse dette problemet og framstille elektrisk energi ved hjelp av fusjon av hydrogenatom, vil energiproblemet være løyst og vi vil ha ubegrensa tilgang på energi i uendeleg lang tid utan fleire påvirkningar på klima eller miljø. Og fortsatt er det jo veldig mange som snakker om dette. Det er jo interessant, men neppe sant.
Problemet er jo at dersom ti milliarder mennesker får tilgang på så mykje dei vil av nesten gratis energi, er det ikkje grenser for kor mykje rot vi kan klare å lage. Det er jo ikkje grenser for kva ein kan gjere hvis ein har ubegrensa tilgang på energi, men ein kan fortsatt ikkje lage noko som helst av berre energi. Så dette må jo utan tvil på kort tid føre til ein latterleg mangel og garantert skeivfordeling av absolutt alle andre ressurser. Slik det er no, er vi jo så heldige at sjølve energikostnadene begrensar forbruket av naturressursar, og legger ein dempar på stormannsgalskap og grådighet. Hvis vi får gratis energi på tanken, er det ikkje måte på kor mykje usakleg ein kan lage mens ein ligg og veltar seg i latskap og morgendagens søppel.
Mangel og skeivfordeling av ressurser fører jo gjerne til uvenskap og gnisninger. Det er jo både trist og dumt, og ein kan jo berre tenke seg kva som kan skje videre. Og med ubegrensa tilgang på energi er det mykje umuleg ein kan finne på av våpen og tortur.
