Sunday, January 06, 2008

Togmisantropi

Eit tog er fullt av tanker, opplevelser, skjebner, forelskelser... Eg finn kvar gong stor glede i å observere medpassasjerene mine når eg tek tog. Forrige gong var eg så heldig å være ein av fire passasjerer som delte vogn med ei stor gruppe mennesker som skulle til same stad og tilsynelatande alle kjende kvarandre godt frå tidlegare. Gruppa, som besto av både menn og kvinner i alderen 40-50 år, viste seg raskt å være eit kor. Dei hadde med seg litt strupefukter i småflaskene sine, og sang med stadig høgare intensitet og innlevelse, men mindre og mindre samstemt. Eg syntes det var ganske underholdande i begynnelsen, kanskje heilt til Drammen. Men det tok ikkje lang tid før kvar og ein satt i kvar sin stol og gaula på sin egen sang og eg begynte å syntes det var litt slitsomt. Så då vi kom til Geilo og ein av medlemmene gaula høgare enn alle dei andre at Her skal vi av, vart eg ganske letta. Hvis ikkje denne lett overvektige slevjande og raudmussa femtiåringen hadde skreke det akkurat på den stasjonen, hadde eg mest sannsynlig gjort det sjølv, berre for å verte kvitt dei.

Denne gongen fekk eg gleda av å overhøyre den følgjande samtalen. Ein ung mann i marinens permuniform kom gåande langs mittgangen og stoppa opp ved ein annan ung mann som satt to seter bak meg og snakka med ei all for høg, robotaktig stemme:
Ung mann i marinens permuniform: Hei!
Ung mann med robotaktig stemme: Hei! Faen.
Ung mann i marinens permuniform: Lenge siden sist.
Ung mann med robotaktig stemme: A. Lenge siden sist.
( fem sekunders pinlig stillhet )
Ung mann med robotaktig stemme: Hva gjør du a?
Ung mann i marinens permuniform: Jeg er i sjøforsvaret.
Ung mann med robotaktig stemme: Fy faen. Er det vanskelig eller?
Ung mann i marinens permuniform: Ja, det er jævlig vanskelig. Ekke mange folk som kommer inn der ass.
Ung mann med robotaktig stemme: Kult ass. Hva gjør du der a?
Ung mann i marinens permuniform: Går på kurs. Samband.
Ung mann med robotaktig stemme: Ø. Hva er det a?
Ung mann i marinens permuniform: Sånn derre kommunikasjon.
Ung mann med robotaktig stemme: Aa.
( fem sekunders pinlig stillhet )
Ung mann i marinens permuniform: Og du a?
Ung mann med robotaktig stemme: Jeg jobber.
Ung mann i marinens permuniform: Ok.
Ung mann med robotaktig stemme: Ell, jeg jobber ikke a. Jeg leter etter jobb.
Ung mann i marinens permuniform: Fett a. A du tenkt å studere no ell?
Ung mann med robotaktig stemme: Nei. Gidder ikke.
Ung mann i marinens permuniform: Ok.
( ti sekunders pinlig stillhet)
Ung mann i marinens permuniform: Snakkes a.
Ung mann med robotaktig stemme: Snakkes.

Det er slike ting som får meg til å lure på korleis i allverda verden klarer å komme seg framover så fort som den har gjort. Når eg vart fødd, var det berre så vidt vi hadde datamaskiner. Når foreldra mine vart fødde, var det berre så vidt dei hadde radio. Når bestemora mi vart fødd, var det bare så vidt dei hadde elektrisitet, og når oldemora mi vart fødd, var det berre så vidt dei hadde lampeolje.

Når barna mine vert fødde, er det berre så vidt vi har iPod Nano, og kven veit kva det er dei berre så vidt har når deira barn igjen blir født. Eg syntes dette berre høyrest ut som noko latterleg tull, og det får meg egentlig mest til å tru at heile verdenshistoria er berre fjoll og oppdikta fanteri. Eg kan ikkje forstå at vi menneske er smarte nok til å drive ei slik utvikling. Men den unge mannen med ei alt for høg, robotaktig stemme, hadde iPod Nano (som han spilte altfor høg, robotaktig musikk på).

Labels: