Monday, April 28, 2008

Kor lenge varar ein ven?

Fjesboka bringer meg i kontakt med fleire fossiler frå mi eiga fortid. Det er til ei kvar tid fjes som dukker opp, fjes som eg nesten hadde gløymt, men som eg no ser at ofte ikkje har forandra seg på dei ti siste åra. Nokre av andleta som dukker opp, var ein gang mine beste vener, men no vekkjer dei ikkje eingong melankoli. Mennesker som eg ein gong delte alt med. No deler eg ingen ting lenger. Mange har blitt hengande igjen i tida. Nokon har dratt det litt for langt. Andre har forandra seg for mykje. Andletet og kroppen er den samme, men når du snakkar med dei er dei ikkje til å kjenne att (Sjå innlegget Lenge sidan sist, som eg publiserte for omlag eit år sidan. Eg skreiv det for endå lengre sidan, men hvis eg skulle ha skreve det i dag hadde eg nok sett fyr på både tastaturet, datamaskina og heile hurven). Kor lenge varar ein ven?

Finst det eigentleg vener for livet? Kanskje ikkje. Ein ven for livet er eit substitutt for den nye venen du aldri fekk. For det finst ikkje lengre parallelle livsbaner. Eg hugser at eg brukte å tenke at eg hadde gode vener, venskap som skulle vare evig. Vener som eg kunne komme tilbake til etter mange år, og framleis kunne vi setje oss ned på ein plen og drikke pils og snakke om dei same tinga, når du en gang kommer osv. Men det er feil. Det går i dass. Folk blir pretensiøse, slappe, gamle, latterlige eller narkovrak, men alle blir stort sett ubrukelige med tida.

Så ta vare på dine vener. Ta vare på dei du treff kvar dag, og dei du traff i forrige veke. Det er dei som er dine venner, og det kjem aldri til å være nokon andre.

Monday, April 21, 2008

Det spirer og gror på lesesalen

Noe klarer vi i allefall å produsere.

Monday, April 07, 2008

Dagens ungdom


Ungdom i London demonstrerer for menneskerettigheter i Kina



Ungdom i Oslo demonstrerer for en behagelig pensjonisttilværelse