Tuesday, August 19, 2008

Merkverdige ting fra det norske språk

Har du noen gang tenkt på at det ikke går an å ha det hyggelig alene? "Ja, jeg var hjemme alene igår, leste litt og så på TV. Veldig hyggelig."

Sunday, August 03, 2008

Kone, Lima


Unge Ernesto "Che" Guevara skriver i sin reisedagbok, nå kjent fra filmen "Motorsykkeldagbøkene", om Lima;

Lima er en fin by, som allerede har begrava si koloniale fortid til fordel for nye, moderne bygningar. Byen fortjener ikkje sitt rykte som ein vakker by, men boligstrøka i byen er bra, med sine brede gater og avenidaer. Ved havet finnast parker som er meget behagelige. Fra havnebyen Callao går det flere brede arterier som gjør at limeñerene kan raskt komme til og fra. (...) Den historisk sett mest verdifulle delen av Lima er sentrum, som ligger ved og rundt den fantastiske katedralen, som har en lettere og lysere arkitektur enn for eksempel den slitsomme bløtekaka av ein katedral som ein kan finne i Cuzco. (...)

Lima er generelt et godt bevis på at Peru fortsatt ikke har klart å komme ut av feudalstaten fra koloni-tiden: Det mangler fortsatt en ekte frihetsrevolusjon.

Det finnes éin del av byen som for oss var den beste, der vi gjekk fleire gonger for å friske opp bileta vi satt igjen med etter Cuzco: det arkeologiske muséet, (...) som inneholder samlinger av ekstraordinær verdi. Her finnast heile kulturar bevart for framtida.


Det syntes at den unge Che Guevara i notatene sine frå 1952, har gjort sitt beste for å få fram et positivt bilete av Lima, sjølv om han egentlig ikkje likte seg noko særleg der. Eg befinner meg i samme situasjon, eg må anstrenge meg for å finne sjarmen ved denne byen, som i dag er ein av Latinamerikas store byar, med rundt 8 millioner innbyggarar.

Mykje har skjedd sidan Che Guevara rusla langs gatene i Lima for første gang, og stort sett har Lima berre fortsatt å utvikle seg i feil retning. Den viktigaste årsaken til forverringa er nok terrorismen, som peruanarane kallar det. Terrorismen, eller borgerkrigen som eg vel å kalle det, var ei lang rekkje valdshandlingar som utspelte seg i Peru på slutten av åttitallet og begynnelsen av nittitallet. Dei verste episodane inntraff på bygdene og i småbyar i fjellstroka, og på grunn av dette kom ei bølge av innflytting til Lima, som i løpet av få år meir enn fordobla befolkninga. Innflyttarane var fattige folk, som rømte frå terrorismen i byane sine til det meir trygge Lima. Byen var imidlertid ikkje forberedt på dette, og det resulterte i at dei stakkars innflyttarane i stor grad vart tvungne til å leve i latterleg fattigdom, og vold og vinningsforbrytelser vart etter kvart eit større problem.

Terrorismen har no roa seg, men kriminaliteten i byane i Peru er fortsatt eit stort problem. Korrupte politikarar, politi og generell avmakt har gjort det vanskeleg å få slutt på problema, sjølv om Lima utan tvil har vorte tryggare dei siste åra.

Trafikken, som unge Ernesto tydeleg er fornøgd med, har også vorte merka av den eksplosive befolkningsauka. Vidare hjelper den sterke økonomiske utviklinga som Peru har hatt dei siste åra til at gatene vert stadig fullare av bilar, og store deler av dagen står trafikken meir eller mindre stille i store delar av byen. Dette avlar i sin tur agressjon og mykje alternativ køyring. For ein utlending er det vanskeleg å forstå at det er noko system i dette kaoset, og det er for meg eit mirakel at ikkje eg har sett fleire ulykker enn det eg har. Bråket er i tillegg uuthaldeleg for ein stakkars nordmann, både på grunn av den gamle bilparken og overdreven bruk av bilhornet i ein kvar situasjon der trafikken stoppar opp eller hvis det dukkar opp ein fotgjenger.

Trass i alt dette, er det mange mennesker som elsker Lima. Ein plass las eg om byen at den er som ei kone, kanskje ikkje heilt perfekt, men du må lære deg å like å leve i lag med den. Ein kamerat av meg som er kunstner, vart totalt forelska i byen på grunn av nettopp kaoset og det tilsynelatande fråvære av reglar. Andre igjen reiser stadig tilbake til Lima på grunn av maten. Peruanere er generelt sjukeleg opptatt av mat, og det peruanske kjøkken regnast å være eit av dei fem beste i verden, i lag med det franske, det kinesiske, det italienske og det indiske. Variasjonen man finner i den peruanske maten er verkeleg enorm, og eg er enig i at det er eit meget spennande land å spise i.

Men trass i dette, klarer eg ikkje å føle meg heime i denne maurtua. Eg blir stressa, eg liker ikkje det ustanselege bråket og usikkerheita. Folk frå Lima snakker lite saman, valden og kriminaliteten har lært dei å sky folk på gata. Eg har prøvd å like denne byen, men eg klarer det ikkje. Eg er enig med Che, det er i dag stort sett berre det arkeologiske museét, i dag kalt el Museo de la Nacion, er det som har mest verdi i Lima. Dette museet er til gjengjeld gigantisk, og ein kan ikkje unngå å bli imponert over samlinga av gjenstander frå dei no utdødde oldtidskulturane i Peru. Som turist i Peru, kan man definitivt klare seg med eit par dagar i hovudstaden, i dette landet som ellers har så fantastisk mykje forskjellig å by på.