Eg hatar flyplasshotell
Det eg treng når flyet mitt blir kansellert eller forseinka og eg blir stuck på ein svær flyplass er ikkje eit svært luksushotell som ligger langs ein motorvei på ein eller annan forlatt plass. Eg treng ikkje ein stor lobby med roleg musikk. Eg treng ikkje ei kjempesvær seng med kvite laken og god fjøyring, der eg kan sove maksimum fem timar før eg må stå opp og ta flyet om morgonen til dit eg egentlig skulle. Eg må ikkje ha eit hotell som koster meir enn 1000 kroner natta.
Eg trur eg snakker på vegne av alle flypassasjerar i heile verda når eg herved krev at flyplassane lager sitt eget opplegg, på flyplassen. Vi treng berre ei seng å sove i, som er lett å komme fram til og der det er kort vei og gå til flyet om morgonen. Det må gjerne være berre ei skuff, eller noko alá ein sovekupé på toget. Faktisk hadde ein stor madrass utover golvet på flyplassen der ein fekk lov til å legge seg å sove i fred og ro vore betre enn desse latterlege giganthotella som ingen nyter noko godt av.
Med hilsen fra Amsterdam.

2 Comments:
Oppdaget nettopp at jeg har et gigantisk badekar OG en dusj. Sånn i tilfelle, hvis jeg skulle få lyst på en dusj etter å ha badet? Tullball.
Hadde bare alle vært som oss Trygve, men desverre så er nok ikke det tilfellet...
Post a Comment
<< Home