Friday, March 19, 2010

Autentisk turisme

Som turist reknar eg meg fortsatt av typen backpacker, sjølv om eg nett no reiser med trillekoffert. Eg er på jakt etter det autentiske, det typiske, det ekte inntrykket. Det inntrykket som er upåverka av turisme, som eksisterer i kraft av seg sjølv og ikkje for å fylle behovet til tilreisande.

Eg er no i Paris, og etter ein spasertur ein regnfull kveld på kryss og tvers i gatene rundt St Michel og latinerkvarteret, tek eg meg sjølv i å like det. Dette området er overbefolka av turistar og har innkastarar utenfor restaurantane, men det er like fullt autentisk. Det er turistane sjølv som er turistattraksjonen her, i alle fall for meg. Eg vert glad av å gå rundt blandt desse massene av folk som dytter i seg ost og dyr øl, folk frå alle kantar av verda, familiar, forelska, gjengar med ungdommar, alt i eit stort kaos av ei eldgammal turistmaskin. Det er deilig.

Thursday, February 25, 2010

Eg hatar flyplasshotell

Det eg treng når flyet mitt blir kansellert eller forseinka og eg blir stuck på ein svær flyplass er ikkje eit svært luksushotell som ligger langs ein motorvei på ein eller annan forlatt plass. Eg treng ikkje ein stor lobby med roleg musikk. Eg treng ikkje ei kjempesvær seng med kvite laken og god fjøyring, der eg kan sove maksimum fem timar før eg må stå opp og ta flyet om morgonen til dit eg egentlig skulle. Eg ikkje ha eit hotell som koster meir enn 1000 kroner natta.

Eg trur eg snakker på vegne av alle flypassasjerar i heile verda når eg herved krev at flyplassane lager sitt eget opplegg, flyplassen. Vi treng berre ei seng å sove i, som er lett å komme fram til og der det er kort vei og gå til flyet om morgonen. Det må gjerne være berre ei skuff, eller noko alá ein sovekupé på toget. Faktisk hadde ein stor madrass utover golvet på flyplassen der ein fekk lov til å legge seg å sove i fred og ro vore betre enn desse latterlege giganthotella som ingen nyter noko godt av.

Med hilsen fra Amsterdam.

Monday, February 15, 2010

Øksemann

I helga var eg på besøk i min gamle studieby, kjent for sine barter og mokkasiner. Eg kan heller ikkje la være å tenke på den overflod av dritings mennesker i 40-50 åra som til ei kvar tid raver rundt i gatene.

På søndagen morgon var eg altså i Trondheim, og var sammen med min kjære Lei og eit vennepar på vei til Solsiden for å drikke en siste kopp kaffi før vi skulle dra heim igjen med tigerekspressen. Været var som det pleier å være i Trondheim om vinteren, og gatene var dekka av eit tjukt lag med is med vatn oppå der igjen. Med andre ord var det forbanna glatt.

Mens vi sklei bortover veien, fekk vi auge på ein skikkelse som låg på tvers av vegen oppover i ei sidegate. Personen bevega seg ikkje, og eg tenkte at dette måtte eg sjekke ut. Eg sendte resten av gjengen videre på kafé og sa at eg skulle møte dei der eller prøve å ta dei igjen på vegen.

Det var ein liten tett kar som låg der på bakken og såg opp på meg. Han hadde raudt hår i ein krans rundt hovudet, bart og ein Bunnpris-påse i handa. Dei små augene hans såg forundra på meg då eg spurte om han trengte hjelp. - Jo, det kunne nå vært fint det, svarte han. Eg fekk heist den vetle karen opp, og han klarte å stå på beina sjølv. Han var dønn dritings.

- Bur du her i strøket, spurte eg. - Ja, rett oppi der, svarte han og peika opp til ei blokk ca 100 meter lengre oppe. - Skal eg følgje deg heim? spurte eg. - Ja, det hadde nå vært fint det, svarte den vetle fyllebøtta. Han var vel i femtiåra.

Det gjekk sakte oppover, og eg prøvde å småprate litt på vegen. Du veit, om vær, holkeføre, øl og slikt. Han hadde visst låge der på bakken i ca eit kvarters tid, meinte han. Så han var nå ganske fonøyd med å ha blitt plukka opp, og når eg attpåtil ville hjelpe han heim, var det storveis.

Vi var nesten framme med blokka hans når han begynte å rote nedi Bunnpris-påsen sin. Eg kikka ned på fyren og lurte på kva det var han holdt på med. Og jammen santen hadde han ikkje tatt fram ei øks. - Kva skal du med den? spør eg, vantru. - Nei, eg hadde tenkt eg skulle drepe ein person, svarte han.

Det ville kanskje vært naturlig å bli litt skremt, men eg fekk meg ikkje heilt til å skremme av denne vetle alkoholiserte krøplingen. - Drepe, seier du? - Trur du nå at det er så lurt? spurde eg. - Det skal ikkje du legge deg opp i, svarte gamlingen. - Kanskje du skulle ta å legge fra deg den øksa og tenkje igjennom det ein gang til, foreslo eg, mens eg trakk meg litt unna. Eg forsto jo etter kvart at dette var berusa og splitter pine galen mann som tydelig hadde tenkt å drepe noken, og då var det kanskje ikkje så lurt at eg sto og haldt han i handa. Han høyrte ikkje så nøye på meg, men peika på buttenden av øksa og mumla med seg sjølv. - Tenkjer at viss eg bruker denne sida, skal det gå bra. - Er du sikker på at du bur her, spurde eg. - Eller er det han du skal drepe som bur her? - Det er ikkje di sak, mumla gamlingen. Han stavra vidare på glattisen med øksa i handa, og var snart framme med døra til oppgangen.

Eg vart ståande att og visste ikkje heilt kva eg skulle ta meg til. Etter å ha tenkt meg om, bestemte eg at kaffikoppen fekk vente litt. Eg slo 112 for første gongen i mitt liv. Ei dame svarte i den andre enden. Ho kjeda seg tydelig imens eg begynte å fortelje om at eg hadde funne ein full mann i gata, og mumla berre halvhjerta svar tilbake heilt inntil eg fortalde om at han tok fram ei øks. - Ei øks? nesten skreik ho. - Ja, også sa han at han skulle drepe nokon.

Fem minutter seinare rulla to politibilar opp framfor blokka. Ein mann kom ut av den eine bilen, og spurde om det er eg som var meldaren. Eg svarte at jo, det er no det. - Det er bra, vi har kontroll no, sa politimannen. Frå den andre bilen høyrde eg ein metallisk lyd som minte meg om våpentjenesta i forsvaret. Det kom ein dame og ein mann med hjelm, skjold, batonger og full pakke frå bilen. - Kan eg gå og drikke kaffi no? spurde eg den første politimannen. Det fekk eg lov til.

Eg tusla ned på Solsiden og kjøpte ein stor kaffi og ein blåbærpai før eg sat meg ned med vennene mine. - Alt i orden? spurde Lei. - Jada, eg håper nå det, svarte eg.

Wednesday, November 25, 2009

Individets ansvar

Kanskje jeg har begynt på den slake akebakken fra venstre til høyre som kjennetegner sivilingeniører og folk med høy utdanning generelt, men hva er egentlig dette med å føre absolutt alt ansvar over på stat og direktorat? Hvorfor er det Helsedirektoratet som må uttale seg hvis en håndfull leger har gitt feil diagnose et par ganger? Har ikke legene noe ansvar? Jeg føler at det blir et veldig stivbeint system hvis direktoratene skal legge retningslinjer for diagnoser og beslutninger som til syvende og sist er opp til enkeltpersoner å evaluere. Men det virker jo som det er det Pressen krever til tider. Men de har vel fått beskjed av Redaktøren om at det er mer kred å intervjue Helsedirektoratet enn en eller annen bortkommen lege som ikke vet helt hva han eller hun holder på med.

Tuesday, July 14, 2009

Gassgrill

Flatbed Avalon 12794 er en tøff gassgrill i svart og krom med tre rustfrie brennere.
Stilig grill med 3 stk hovedbrennere, 1 stk infrarød underbrenner, 1 stk vertikalbrenner (til spiddet) og en sidebrenner til å koke saus eller potet. Grillen har tre emaljerte flametamere og hvilerist for å holde ferdig mat varm. Den har grillspidd med motor og grillrister i støpejern. Praktisk termometer i lokket og romslige skap under grillen for oppbevaring.


Jeg hater gassgriller. Jeg skjønner rett og slett ikke hvorfor folk kjøper disse enorme monstrene, gidigne mutanter av den gode gamle grillen, som vi en gang i tiden hadde det så koselig med.

For et par uker siden var jeg på besøk hos noen venner av meg, som bor i en ganske stor leilighet litt utenfor Trondheim. Som alle mer eller mindre etablerte par og familier, hadde de en gigantisk gassgrill på terassen. Jeg kommenterte selvfølgelig dette, og fikk svaret at "Det var den minste de hadde, der vi kjøpte den". De hadde hatt den i litt over et år, og fortsatt hadde de ikke brukt den en eneste gang.

Min mor har også en gassgrill. Den brukes én gang i året, når jeg er hjemme på ferie. Hver gang jeg ser dette monsteret som står og samler støv i garasjen, får jeg litt vondt i meg, og tenker at den må få litt gass i rørene.

Jeg kunne godt tenke meg å introdusere fengselsstraff for privatpersoner som går til innkjøp av (gass)grill med vekt på over 10 kilo. Gassgrillen står for meg som et monument over vårt særdeles lite bærekraftige samfunn, og vår evige søken etter lykke i luksus.

Noen som blir med å grille i parken? Jeg tar med grill.