Monday, February 10, 2014

På jakt i eget hus

Eg sit fredeleg på ein mandags kveld og slapper av med ein whiskey i sofaen min, då eg ser eit lite kryp ytterst til høgre i synsvinkelen min. Eg tenkjer det er ein kakerlakk, men ved nærare augesyn ser eg at det er ei lita mus som kikker på meg. Eg syntes jo egentlig at små mus er koselege, men kanskje ikkje inne i mi eiga stove. Så eg bestemmer meg for å ta bilete av musa og så jage den ut, så den kan fortsetje sitt heseblesande museliv der ute blandt insekter, frø og slanger.  Biletedelen av planen går bra etter å ha jaga musa litt hit og dit, eg får eit omlag skot av ho sitjande mellom batteriet og ladekontrolleren til solcelleanlegget som vi har som nødstrøm. Deretter henter eg ein kost, og prøver å jage musa ut den opne døra. Den spring eit par ganger fram og tilbake føre den opne døra, truleg redd for bikkja Lion som sitter på sin faste plass utenfor og klør på lopper og flott. Til slutt får eg inn ein fulltreffer på musa, som ruller ut og blir liggjande besvimt på ryggen på bakken rett foran bikkja. Eg blir ståande og sjå på imens bikkja klør seg ferdig og håper at musa skal kvikne til. Den dumme bikkja har ikkje fått med seg noken ting, og klør seg berre bak øyret. Men så blir den ferdig med det, ser overraska ned på den livlause musa, kikker på meg, og plukker den opp i kjeften og vandrer fornøyd bortetter terrassen. Musa overlevde dessverre ikkje.

No comments: